Hytta Ripa har storslagen utsikt og sengeplass til fire

Hytta Ripa ligg eit steinkast unna Sesshuset og er ei tradisjonell hytte med to soverom og til saman fire senger. I tillegg er der ein hems med muligheiter for fleire sengeplassar dersom det trengs.

Den restaurerte hytta frå sekstitalet har alt du treng for ein koselig hytteferie ved fjorden. Hytta har eit moderne kjøkken med oppvaskmaskin, kjøleskap og stor frysar. På stova står ein vedovn som kan gjerast om til open peis, og på badet er det sjølvsagt varmekablar og dusj.

Please check AirBNB or contact us for special offers. Airbnb Ripa