Tunet på Sessgarden, låven til venstre og Sesshuset til høgre

Velkommen til Sessgarden!

Sessgarden ligg inst i idylliske Hjørundfjorden på Sunnmøre og tilbyr overnatting og båtutleige.

Både frå Sesshuset og hytta Ripa har du panoramautsikt over fjorden og dei vidgjetne Sunnmørsalpane. Det er gode fiskemuligheiter i fjorden, og Sessgarden har eige bryggeanlegg og fleire båtar til utleige.

Det er også gode turmuligheiter i området. Om du er ute etter ei utfordring kan kanskje ein stortur på Jakta og Bjørkehornet friste, Slogen og Molladalen er også berre ein kort båttur unna. Mindre krevande turar kan du starte direkte frå Sessgarden, ta deg ein tur i Bakkedalen for å plukke blåbær eller ein tur på Kjerringkjeften for å sjå på utsikta.

Klikk deg vidare for meir informasjon om Sessgarden og Hjørundfjorden.

Airbnb RIPA Airbnb SESSHUSET

FB Facebook Instagram Instagram

For leige eller forespørsel ved større grupper eller arrangement ta kontakt med Endre Sætre:

Mail: endre.satre@gmail.com
Mobil: (+47) 41 56 24 34